Årets Ildsjel - Geir Daasvatn

Postet av Otra IL den 4. Nov 2019

Det ble altså vår egen Geir Daasvatn som stakk av med prisen som Årets Ildsjel i Aust-Agder. Geir var fort til å nevne at alle nominerte fortjente det like mye som han, Det kan sikkert stemme.

Men alle i Otra IL, i bygda og Setesdal vet hvilket arbeid Geir legger ned som frivillig og ønsker å vise det


Vi i redaksjonen tar oss friheten å dele et leserinnlegg fra Geir i etterkant av utdeling

Lesarinnlegg – Geir Daasvatn. Foto: Aftenposten m.fl.

Lørdag var eg så heldig å bli utpeika til «Årets ildsjel» i Aust-Agder på Idrettsgalla Sør i Kristiansand. Det er eg veldig takksam for. Takk til de som hadde føreslått meg til prisen. Takk til lesarane av Agderposten som stemte meg fram til denne heideren. Takk for alle helsingane og gratulasjonane nå i etterkant. Til sist – takk til Otra IL som har vore ein stor del av livet mitt sidan eg var 14 år.

I dag fekk eg ei veldig triveleg helsing på Facebook frå Thore-Erik Thoresen. Han var journalist i Aftenposten i 1977, og skreiv fleire reportasjar i avisa om turen min til England og Manchester United den sommaren. Saman med  hyggelege ord sendte han ein kopi av avisa frå 1977. Det var rart å sjå igjen bileta og historien, etter så mange år.

Det er underleg korleis livet kan gå

Bileta av meg sjølv som topptrent fotballspelar på eit bra nivå i 1977, og som uføretrygda dugnadsmann i dag, fekk meg til å tenke litt på korleis livet kan utvikle seg.

Når eg i livet seinare har tenkt på det som hendte i 1977, veit eg at eg ikkje var bestemt til å bli ein av dei beste fotballspelarane. Eg hadde kanskje det som skulle til av tekniske, fysiske og taktiske evner på banen. Men for å bli toppidrettsutøvar, må du også ha spesielle mentale eigenskapar. Du må vere svært målbevisst, litt egoist på eigne vegne, og ha sterk sjølvtillit. Alle dei gode mentale eigenskapane som blei framheva under Idrettsgallaen i går kveld. Det hadde ikkje eg på den tida. Eg spelte fotball fordi det var det gøyaste eg visste. Eg kunne stå i timesvis på jordbanen på Hornnes gymnas og skyte på mål. Men eg hadde ingen målbevisst plan om å bli proffspelar. Eg var ikkje sjølvbevisst, og trudde heller at andre ville lukkast. Og eg hadde ikkje sterk sjølvtillit, men var usikker på min plass i verda.

Mange har spurt meg i dei meir enn 40 åra som er gått, om eg syns det er leitt at eg ikkje blei proffspelar i Manchester United. Med handa på hjartet kan eg seie; nei det gjer eg ikkje. Eg kunne uansett ikkje blitt fotballspelar på det nivået, med mine eigenskapar. Dette skjønte eg kanskje ikkje då. Men seinare i livet har eg fått meir livsrøyndom, og forstått at slik var det.

Eg passa best til å vere på grasrota

«Isbryting» på Hornnes-banen i 2009. Foto: Privat

I staden for proffspel, mykje pengar og berømmelse, passa mine eigenskapar ganske godt – trur eg – til å bli ein trugen dugnadsarbeidar og ein støttespelar og ven for borna og ungdommane i mi eiga heimbygd. Det var ikkje Old Trafford som blei min arena, men Evje stadion. Mange vil nok tru at det er ein frykteleg nedur. Men for meg er det ikkje slik. Det glade smilet frå ein liten gut eller ei lita jente som endeleg fekk til å strekke vrista og skyte eit skikkeleg skot, var for meg like mykje verdt som ein million. Å sjå den nye kunstgrasbanen, som me hadde jobba så mykje for, vrimle av ungar i glad leik, gav like mykje glede i mitt sinn som å spele på juniorlandslaget i 1978.

Heile laget må fungere – saman

Eg lærte ein veldig viktig ting då eg var svært sjuk med kreft, og til behandling på Radiumhospitalet i 2013. Dei eg hadde mest kontakt med, var utruleg dyktige legar og sjukepleiarar som var så omsorgsfulle og tålmodige at det mest ikkje skulle vere mogeleg. Men rundt alle desse «ekspertane» i verdsklasse, farta andre forbi med vasketralla eller søppelsekkane. Eller dei frakta pasientane rundt i korridorane i sengene sine. Eg veit at det sjukehuset, som er livsviktig for mange menneske i dette landet, måtte ha blitt stengt i løpet av ein dag eller to om ikkje reinhaldet og søppeltømminga hadde vore i orden. Det eg skjønte veldig klart, var at sjukehuset bare kunne fungere om legane og sjukepleierane – «stjernene» – og reinhaldsarbeidarane – «kvardagsmenneska» – fungerte saman som eit team.

Slik ser eg også på mitt liv, og på idretten. Eg passa ikkje til å bli ein stjernespelar i fotball. Det hadde eg ikkje dei rette eigenskapane for. Sjølvsagt kunne eg prøvd å jobbe meir med det mentale, og styrka meg der. Men det er ikkje så lett å tenke eller vite når ein er 16 år. Og det er vanskeleg å endre på heile personlegdomen. Eg trur at eg i staden passa til å bli god på frivillig arbeid, ein bra dugnadsarbeidar på grasrota. Dei eigenskapane som hindra meg på fotballbanen, blei ei styrke i kvardagen. Eg bryr meg om alle på laget, eg er glad i alle, eg kjenner lukke når andre lukkast, eg syns det er gøy å klyppe plenen att og fram i dag ut og dag inn, eg kan plukke søppel etter andre i årtider utan å bli lei, eg er tålmodig med ungane sjølv om framgangen kanskje let vente på seg, eg mistar ikke livsgleda om eg er alvorleg sjuk, eg gleder meg når det tindrar i augene til borna. Når ein av ungdommane «mine» ei sjeldan gong tek steget vidare og oppnår noko på fotballbanen, tykkjer eg det er stort. Men aller størst er det når eg ser at det går godt med dei vidare i livet. 

Eg beundrar Ole Gunnar Solskjær for alt det han har oppnådd på fotballbanen. Eg har ein enorm respekt for dei som er idrettsstjerner. Det er fantastisk å følge Martin Ødegaard i Spania. Han har alt som skal til for å nå til topps. Ståle Solbakken oppnår enorme resultat som fotballtrenar i Danmark. Idretts- og trenarstjernene våre har dei rette eigenskapane, og har jobba utruleg hardt for å nå toppen. Likevel kjenner eg ikkje noko på at eg skulle ønske at det var meg som var berømt, som blei OL-meistar eller tjente mange millionar i året. Sjølvsagt drøymde eg i ungdomstida om å dempe ballen på brystet, og knalle han i vinkelen på heil volley. På Old Trafford. Foran Stretford End. Men det var, når alt kom til alt, ikke for meg. I staden prøvde eg, ut frå mine forutsetningar, å jobbe jamt og trutt på grasrotnivået, der eg passa best.

Ver ven med deg sjølv!

Foto: Rita Flottorp

Eg er glad i kvardagen. 

Eg set pris på at nokon har sett arbeidet eg har gjort, og meiner det kan fortene ei utmerking. Men innerst inne gjeld det aller mest at kvar og ein av oss finn meining i livet og har det godt med oss sjølve. Det gjeld anten du er på veg til å bli verdsmeistar i langrenn eller «bare» vasker draktene til laga i klubben din. Anten du er direktør og styrer ein stor bedrift eller usikker ungdom på veg ut i livet. Om vi har det bra med oss sjølve, kan vi også gjere mest godt for andre. Det er min teori. Eg har – nesten – slått meg til ro med meg sjølv, mine svake og gode sider som menneske, og håper eg skal få sjansen til å bruke dei i mange år endå. Til det beste for borna og ungdommane her heime i den kjære heimbygda mi.

TAKK!      


0 Kommentar

VELKOMMEN TIL SKI OG HANDLE-KVELD

Postet av Otra IL den 30. Okt 2019

VELKOMMEN TIL SKI OG HANDLE-KVELD    

                 PÅ INTERSPORT EVJE

       Onsdag  6 november   kl. 18.00

 

Vi ønsker å invitere klubbene til en real handle-kveld.   Da vi så pågangen i fjor har vi i år ALLE MANN PÅ JOBB!

I år kan medlemmene kjøpe julegavene på kvelden, der vi kjører – 30% på alt av tøy og sko, sekker, soveposer og alt av skiutstyr!

Det blir også smøre-kurs med Vauthi, der alle nyhetene kommer med.

 

      KNALL-PRISER PÅ SKI OG UTSTYR!

-40%  PÅ ALLE SKI  Fra: Rossignol og Salomon 2019/20 mod

-35%  På ALLE SKO Fra: Rossignol og Salomon 2019/20 mod

-40% På alle varer fra Vauthi

 

2018 mod Rossignol X-ium WCS cl. veil 6999.-                    Klubbkveld  2500.-         

2018 mod Rossignol r-skin m/ binding  veil 5399.-           Klubb-kveld.   2500.- 

Salomob S-lab stav veil 2999.-                                                Klubb-kveld.    1300.-  

 Swix Quantium 1   veil 2699                                                   Klubbkveld.    1699.- 

Swix Triac 3.0  Stav   veil. 3699                                                Klubbkveld.    2699.-      

Fischer speedmax 2018 mod. Cl.  Veil.7499.-                     Klubbkveld.    3750.-                 

Salomon s-lab cl/skate 2018mod   Veil. 7500.-                   Klubbkveld     3750.-

 

NB!   For dere som vil at vi skal plukke ut ski på forhand så det står klart, ring meg på mob. 95234856.

 

 

 VELKOMMEN TIL SKI OG HANDLE-KVELD    


0 Kommentar

Klatregruppa gjenoppstår

Postet av Otra IL den 18. Okt 2019

Adam John Renshaw med familie vil etablere klatremiljø i Evje og omegn. 

25 okt kl 17 inviterer han til medlemsmøte på Moisund Elvebredd 8. Det vil da bli valgt nytt styre.

 

Ønsket til familien er å ha klatring for barn på torsdager kl 17.30-19.00. Om barnet ditt ønsker å være med i klatreklubben krever det en forelder som aktivt deltar sammen med sitt barn. Det vil bli holdt sikringskurs for foreldre.

Det blir laget en ny undergruppe på FB: Otra IL klatring.

 

Ta kontakt dersom dere er interessert, ved stor interesse kan en utvide treningstider og dele inn i aldersgrupper. Velkommen! 



0 Kommentar

Barneidrett - Lek & allsidig aktivitet

Postet av Otra IL den 2. Sep 2019

Otra IL starter oppigjen med barneidrettet i Otrahallen onsdager.


Første trening blir onsdag 4. sept kl 1700-1800. Denne treninga følger skolerute frem til ca 1. mai

Målgruppa er barn før skolealder ca 3-6 år.

Aktiviteten består av uorganisert fri lek og aktivitet som er foreldre/egen styrt, kommer det noen aktuelle ledere kan det bli delvis organisert.


0 Kommentar

Allidrett oppstart

Postet av Otra IL den 27. Aug 2019

Idrettskolen for 2&3 klasse bytter nå navn og aldersklasser.

Fra torsdag 29.august heter det Allidrett og er for 1&2 klasse. Allidrett er det nye offisielle navnet vedtatt av Norges Idrettsforbund.

Vi har ikke rukket å få ut terminliste enda, pga ferieavviklig.

Men første trening i høst er friidrett på Hornnes stadion torsdag 29.aug kl 1700-1800.

Vel møtt


0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline