Tinestafetten 2025 - Noregs største idrettsarrangement!

Postet av Otra IL den 7. Mai 2025

6. mai gjekk startskotet for ein av dei mest inspirerande dagane i norsk skuleidrett: TINEstafetten! Over 100 000 born og unge deltek kvart år, fordelt på over 300 stader i heile landet – og sjølvsagt var vi med!

Hornnes stadion stilte 13 lag med totalt 108 spreke elevar frå:
✨ Byglandsfjord oppvekstsenter
✨ Evje barneskule
✨ Hornnes barneskule
✨ Iveland barne- og ungdomsskule

Kvart lag bestod av 8 deltakarar – 4 jenter og 4 gutar – som sprang 200 meter kvar. Med sol frå skyfri himmel og heiarop frå medelevar, vart det ei energisk og minneverdig oppleving for både små og store.

💪 6.–9. klassingar gav alt dei hadde – og litt til – medan vi heia dei fram frå sidelinja.

 


Tinestafetten Hornnes 2025
Åpen klasse
Plass:Lag:Tid:
1Evje Skule4,49,6
2Byglandsfjord skule 15,07,1
3Byglandsfjord skule 25,07,8
4Hornnes skule5,27,6



6. og 8. Klasse
Plass:Lag:Tid:
1Iveland ungdomsskule4,38,2
2Evje skule 14,42,7
3Hornnes skule4,58,6
4Evje skule 25,06,8



7. og 9. klasse
Plass:Lag:Tid:
1Iveland ungdomsskule4,38,1
2Hornnes skule4,39,1
3Iveland4,39,1
4Evje skule 14,49,2
5Evje skule 25,14,1



Totalt antall deltakere:108
Totalt antall lag:13

Kanskje vert det endå fleire skular og deltakarar neste år? Vi håpar det!
Takk for ein strålande dag – vi gler oss alt til neste gong!

🏅 Helsing Otra IL – Friidrettsgruppa


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.